Seinsommarnytt 2023

Overvåkingsdata for havnespy, skogsmark og fleire kommuneplanar på høyring er nokre nye tema som er lagt til i fylkesatlas denne våren og sommaren.

Kart for Kinsarvik med blå skravur på flater som viser Skogsmark NiN (Natur i Norge).
Skogsmark - NiN i Kinsarvik. Foto: Fylkesatlas.

Nye tema:

Kyst og fiskeri:

  • Havnespy (Japansk sjøpung)/NINA Miljø-DNA
  • Havnespy (Japansk sjøpung)/NINA Vannkikkert punkt
  • Havnespy (Japansk sjøpung)/NINA Videorigg punkt
  • Havnespy (Japansk sjøpung)/NINA ROV linje
  • Havnespy (Japansk sjøpung)/NINA Vannkikkert linje
  • Havnespy (Japansk sjøpung)/Videorigg linje

Landskap:

  • Landskapsanalyse for Nordfjella

Natur:

  • Naturtypar/Skogsmark - NiN/Naturområder
  • Naturtypar/Skogsmark - NiN/Prosjekt
  • Naturvernområder/Kandidatområde supplerande vern - 2023

Plan:

  • Arealplanar på høyring/Kommune- og komdelpl på høyring (vel kommune i lista)/Sogndal kommuneplan høyring 2023-2033
  • Arealplanar på høyring/Kommune- og komdelpl på høyring (vel kommune i lista)/Vik kommuneplan høyring 2023 - 2034
  • Regional plan gjeldande/Regional plan for Hardangervidda 2019 -2035 (vedteken)
  • Regional plan gjeldande/Regional plan Heiplanen (2012)

Meir informasjon om nye tema:

NINA Miljø-DNA er overvåkingsdata for havnespy, eller japansk sjøpung. Det er fleire datasett som viser dette: vannkikkert, videorigg og ROV. Les meir om dette på NINA si nettside.

Landskapsanalyse for Nordfjella gir ei overordna framstilling av villreininteresser, natur- og friluftsinteresser, naturbasert næringsutvikling og opplevingsmoglegheiter knytt til Nordfjella som villreinområde. Rapport: Landskapsanalyse for Nordfjella.

Skogsmark - NiN (sjå bilete i toppen av artikkelen) er naturområde i skogsmark, kartlagt etter ein instruks fastsett av Miljødirektoratet. Kvart naturområde er delt inn i skogeigenskapar som er bestemt i NiN (Natur i Norge).
Produktark: Skogsmark - NiN
Skogsmark i fylkesatlas

Kandidatområde supplerande vern - 2023 viser forslag til supplerande naturvern i Vestland. Kartet er basert på oppdrag frå Miljødirektoratet til Statsforvaltaren i Vestland.

Kommuneplanens arealdel for Sogndal er publisert i fylkesatlas med alle lag.

Kommuneplanens arealdel for Vik er publisert i fylkesatlas. Ikkje alle lag som høyrer til planen er publisert i fylkesatlas. Du kan sjå alle laga til kommuneplanforslaget for Vik i kommunekart.

Regional plan Heiplanen (2012) for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei er nyleg publisert i fylkesatlas. Lenke til føresegnene.

Regional plan for Hardangervidda 2019 - 2035 (vedteken) er nyleg publisert i fylkesatlas. Lenke til føresegnene.

Publisert 22.08.2023

Kontakt oss

Tone Reinsnos Knutsen
Seniorrådgjevar kart/gis
Statsforvaltaren i Vestland

Tilbakemeldingar og spørsmål