Nylansering av Fylkesatlas

Fylkesatlas vart til i 2004 og har etterkvart fått svært mykje innhald. No har vi endra inndelinga på kategoriane og flytta på tema slik at det skal bli lettare og finne fram.

12 oransje boksar som viser hovudinndelinga på kategoriar i Det offentlege kartgrunnlaget; basis kartdata, energi, forurensing, friluftsliv, geologi, kulturminner, kyst og fiskeri, landbruk, natur, plan, samferdsel og samfunnssikkerhet.

Vi prøver no å følgje inndelinga som Kartverket har på si samleside for kartdata: geonorge.no Dette gjer vi for å bruke mest mogleg same namn og inndeling som resten av Noreg. Vi har også endra på namn på nokre tema for å gjere dei meir forståelege. Døme: 'DOK VANN FKB VANN' heiter no 'Elv,bekk og innsjø (DOK). DOK = Det offentlege kartgrunnlaget

Dette betyr at du kanskje må leite litt for å finne igjen 'dine' tema, men fortvil ikkje. Vi legg no opp til at du skal kunne søke på namn på tema i søkefeltet. Dette er ikkje heilt på plass endå, men det kjem.

Søkefelt i kart med nedtrekksliste der ein kan velje kva ein vil søke på.
Endre søk Foto: Fylkesatlas.
Søketreff for kulturminne.
Søketreff Foto: Fylkesatlas.

Dersom du hadde bokmerker i Fylkesatlas der du har valt tema så vil ikkje desse fungere lenger og du må lage dei pånytt.

Kart med brune og grøne flater for marine naturtypar. Høgre meny viser Arbeidsrom der ein kan lage bokmerker.
Bokmerke for marine naturtypar, Fedje Foto: Fylkesatlas.

Dei som har laga embedded kart i iframe og lagt ut på nettsider må kanskje også oppdatere desse.

Nettside om Nasjonal ramme for vindkraft der eit kartustnitt er lagt inn som ein iframe nederst i artikkelen.
Fylkesatlas som embedded kart i iframe hjå Statsforvaltaren i Vestland Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Vi beklagar at de må finne ut av innhaldet i Fylkesatlas på nytt, men vi håper dette vert ryddigare og lettare og finne fram i frå no av.

 

 

Publisert 01.10.2021

Kontakt oss

Tone Reinsnos Knutsen
Seniorrådgjevar kart/gis
Statsforvaltaren i Vestland

Tilbakemeldingar og spørsmål