Arealplanar og nytt design

Arealplanar har ei ny inndeling. Designet på framsida er litt endra.

Ny sentrumsplan for Voss på høyring

Arealplanar:

Det er endra litt på oppsettet for arealplanar. Det er viktig at du bruker pilene/nivå og opnar opp under. Dersom du skrur på alt tar det lang tid og laste og det vert kaos i kartet.

Vi håper at nytt oppsett gjer det lettare og finne fram. Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar på dette!

Zoom inn i kartet og sett på rett plan frå rett kommune dersom du ikkje vil sjå på planar frå den nasjonale basen til Kartverket.

MERK: Det er diverre slik at ikkje alle planar i rett versjon kjem til den nasjonale basen endå. Difor er det best og bruke planar frå kommunane. Bergen kommune er eit unnatak.

Nytt design:

Fylkesatlas vart litt lysare no og vi har gjort høgre margen breiare for å få vist meir lange namn på tema.

Publisert 03.01.2021

Kontakt oss

Tone Reinsnos Knutsen
Seniorrådgjevar kart/gis
Statsforvaltaren i Vestland

Tilbakemeldingar og spørsmål