Sommarnytt 2024
Sårbar, verdifull og karakteristisk natur i Sognefjorden, økologisk hagebruk, utvalt kulturlandskap i jordbruket og to kommuneplanar på høyring har kome til som nye tema i fylkesatlas i vår og i sommar.
Nye tema:
Landbruk:
- Jordbruk/Økologisk hagebruk
Landskap:
- Kulturlandskap/Utvalde kulturlandskap Vestland/UKL Ormelid
- Kulturlandskap/Utvalde kulturlandskap Vestland/UKL Stadlandet
Natur:
- Naturtypar/HI rapport Sognefjorden
Plan:
- Arealplanar på høyring/Kommune- og komdelpl på høyring (vel kommune i lista)/Bømlo kommuneplan høyring 2024-2036
- Arealplanar på høyring/Kommune- og komdelpl på høyring (vel kommune i lista)/Høyanger kommuneplan høyring 2024-2036 1x
Meir informasjon om nye tema:
Økologisk hagebruk
viser område for produksjon av frukt, bær og grønnsaker som er økologisk godkjent, eller under omlegging (2. års karens). 1 års karens er ikkje med. Oppdatert med tallgrunnlag frå 2023.
UKL Ormelid
Er eit utvalt kulturlandskap i jordbruket som Stiftinga Ormelid har detaljkartlagt ut over det som viser i naturbasen til Miljødirektoratet.
Kartet viser arkeologiske undersøkingar, bekker, hesjer, historisk grense for innmark, stadnamn, strukturar som flater og linjer, tufter og veiter. Bilete kan du sjå i toppen av artikkelen.
Ormelid - utvalt kulturlandskap på Luster kommune si heimeside.
UKL Stadtlandet
Er eit utvalt kulturlandskap i jordbruket med eigen forvaltningsplan og skjøtselsplanar for kjerneområder.
Uvalt kulturlandskap Stadtlandet i naturbasen til Miljødirektoratet.
Skjøtselsplanar Stadlandet på Stad kommune si heimeside.
HI rapport Sognefjorden
Statsforvaltaren i Vestland jobbar med marin verneplan for Sognefjorden og har gitt Havforskningsinstituttet i oppdrag å samanstille eksisterande kunnskap av sårbare naturtypar og vidare kartlegging og karakterisering av sårbar natur i fjorden. Arbeidet er blitt til ein rapport og kartdata som du kan sjå i fylkesatlas.
Rapport: Sårbar, verdifull og karakteristisk natur i Sognefjorden.
Bømlo kommuneplan høyring 2024-2036
Bømlo sin arealdel til kommuneplan på høyring er lagt ut i fylkesatlas.
Høyanger kommuneplan høyring 2024-2036 1x
Høyanger sin arealdel til kommuneplan på høyring er lagt ut i fylkesatlas.