Seinsommarnytt 2023
Overvåkingsdata for havnespy, skogsmark og fleire kommuneplanar på høyring er nokre nye tema som er lagt til i fylkesatlas denne våren og sommaren.
Nye tema:
Kyst og fiskeri:
- Havnespy (Japansk sjøpung)/NINA Miljø-DNA
- Havnespy (Japansk sjøpung)/NINA Vannkikkert punkt
- Havnespy (Japansk sjøpung)/NINA Videorigg punkt
- Havnespy (Japansk sjøpung)/NINA ROV linje
- Havnespy (Japansk sjøpung)/NINA Vannkikkert linje
- Havnespy (Japansk sjøpung)/Videorigg linje
Landskap:
- Landskapsanalyse for Nordfjella
Natur:
- Naturtypar/Skogsmark - NiN/Naturområder
- Naturtypar/Skogsmark - NiN/Prosjekt
- Naturvernområder/Kandidatområde supplerande vern - 2023
Plan:
- Arealplanar på høyring/Kommune- og komdelpl på høyring (vel kommune i lista)/Sogndal kommuneplan høyring 2023-2033
- Arealplanar på høyring/Kommune- og komdelpl på høyring (vel kommune i lista)/Vik kommuneplan høyring 2023 - 2034
- Regional plan gjeldande/Regional plan for Hardangervidda 2019 -2035 (vedteken)
- Regional plan gjeldande/Regional plan Heiplanen (2012)
Meir informasjon om nye tema:
NINA Miljø-DNA er overvåkingsdata for havnespy, eller japansk sjøpung. Det er fleire datasett som viser dette: vannkikkert, videorigg og ROV. Les meir om dette på NINA si nettside.
Landskapsanalyse for Nordfjella gir ei overordna framstilling av villreininteresser, natur- og friluftsinteresser, naturbasert næringsutvikling og opplevingsmoglegheiter knytt til Nordfjella som villreinområde. Rapport: Landskapsanalyse for Nordfjella.
Skogsmark - NiN (sjå bilete i toppen av artikkelen) er naturområde i skogsmark, kartlagt etter ein instruks fastsett av Miljødirektoratet. Kvart naturområde er delt inn i skogeigenskapar som er bestemt i NiN (Natur i Norge).
Produktark: Skogsmark - NiN
Skogsmark i fylkesatlas
Kandidatområde supplerande vern - 2023 viser forslag til supplerande naturvern i Vestland. Kartet er basert på oppdrag frå Miljødirektoratet til Statsforvaltaren i Vestland.
Kommuneplanens arealdel for Sogndal er publisert i fylkesatlas med alle lag.
Kommuneplanens arealdel for Vik er publisert i fylkesatlas. Ikkje alle lag som høyrer til planen er publisert i fylkesatlas. Du kan sjå alle laga til kommuneplanforslaget for Vik i kommunekart.
Regional plan Heiplanen (2012) for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei er nyleg publisert i fylkesatlas. Lenke til føresegnene.
Regional plan for Hardangervidda 2019 - 2035 (vedteken) er nyleg publisert i fylkesatlas. Lenke til føresegnene.