Vinternytt 2023

Historiske flyfoto frå 80-talet, naturtypar med KU-verdi, teigar som berre viser gardsnummer, gravplassar og Nasjonale laksevassdrag med linje og flate for lakseførande strekning er nokre nye tema som er lagt til i Fylkesatlas det siste året.

Kart over Øygarden med raud-orange flater og teiknforklaring til høgre for kartet for Naturtypar med KU-verdi.
Naturtypar med KU-verdi i Øygarden. Foto: Fylkesatlas.

Nye tema:

Bakgrunnskart:

  • Norge i bilder - historiske flyfoto frå 80-talet

Basis kartdata:

  • Gardsnummer Vestland fylke
  • Gravplassar/Gravplassar - punkt
  • Gravplassar/Gravplassar - flate
  • Høgde og djupner/Havbunnraster grå med skygge

Landbruk:

  • Regionalt miljøprogram RMP/Kantsone i eng - elv
  • Regionalt miljøprogram RMP/Kantsone i eng - innsjøer
  • Regionalt miljøprogram RMP/Kantsone i eng - prioriterte områder

Natur:

  • Marin verneplan/Dalsfjorden - forslag marin verneplan
  • Naturtypar/Naturtypar KU-verdi/KU-verdi, alle
  • Naturtypar/Naturtypar KU-verdi/KU-verdi, svært stor verdi
  • Naturtypar/Naturtypar KU-verdi/KU-verdi, stor verdi
  • Naturtypar/Naturtypar KU-verdi/KU-verdi, middels verdi
  • Naturtypar/Naturtypar KU-verdi/KU-verdi, noe verdi
  • Nasjonale laksevassdrag (NLV)/NLV anadrome strekninger - linjer
  • Nasjonale laksevassdrag (NLV)/NLV anadrome strekninger - flater
  • Vannforskriften og Vannett/Elv kjemisk tilstand
  • Vannforskriften og Vannett/Elv økologisk tilstand eller potensial
  • Vannforskriften og Vannett/Innsjø kjemisk tilstand
  • Vannforskriften og Vannett/Innsjø økologisk tilstand eller potensial
  • Vannforskriften og Vannett/Grunnvann kjemisk tilstand
  • Vannforskriften og Vannett/Kystvann kjemisk tilstand
  • Vannforskriften og Vannett/Kystvann økologisk tilstand eller potensial

Plan:

  • Arealplanar på høyring/Kommune- og kommunedelplan på høyring (vel kommune i lista)/Sunnfjord kommuneplan høyring 2023 - 2034

Meir informasjon om nye tema:

Norge i bilder - historiske flyfoto frå 80-talet har nyleg blitt tilgjengeleg i fylkesatlas. 

Flyfoto over Rosendal i 1981 og meny for bakgrunnskart.
Rosendal i 1981. Foto: Fylkesatlas / Norge i bilder.

Gardsnummer Vestland fylke viser teigar med alle gardsnummer. Altså utan bruksnummer. Lenke til døme på Voss i fylkesatlas.

Gravplassar med punkt og flate syner gravplassar i drift, men også nedlagde gravplassar med ståande gravminne. Les meir om gravplassar på nettastaden til KA (Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter).

Havbunnraster grå med skygge er henta frå Mareano som kartlegg djupnefoholda på botn av havet, biologisk mangfald, naturtypar og ureining i sedimenta i norske kyst- og havområder. 

Kantsone i eng - elver, innsjøer og prioriterte områder er ein del av strategiprogrammet regionalt miljøprogram. Forskrift om regionale miljøtilskot i jordbruket, Vestland er no på høyring fram til 14.03.2023. Les meir om kantsone i eng.

Dalsfjorden - forslag marin verneplan er ikkje lenger på høyring. Statsforvaltaren jobbar no med ei tilråding om vern.

Naturtypar KU-verdi (sjå bilete i toppen av artikkelen) er naturtypelokalitetar fordelt på verdikategoriar etter verdsetjingskriteriane i rettleiaren M-1941 konsekvensutredninger for klima og miljø.

Nasjonale laksevassdrag (NLV) anadrome strekningar med linjer og flater er nytt i tillegg til nedbørfelt og utløpspunkt. Les meir om datasettet på geonorge.no.

Kjemisk tilstand og økologisk tilstand eller potensial for elv, innsjø, grunnvann og kystvann er henta frå Vannett.

Kommuneplanen sin Arealdel for Sunnfjord er delvis lagt inn i fylkesatlas. Det er mange lag som høyrer til planen og alle er ikkje lagt ut i fylkesatlas. Du kan sjå alle laga til kommuneplanforslaget for Sunnfjord i kommunekart.

Publisert 09.02.2023

Kontakt oss

Tone Reinsnos Knutsen
Seniorrådgjevar kart/gis
Statsforvaltaren i Vestland

Tilbakemeldingar og spørsmål