Nedetid fredag 11 februar 2022

Fredag frå kl. 16 blir det nedetid for Fylkesatlas nokre timar og det kan vera ustabilt gjennom helga.

Gult skilt med symbolet trekant med utropsteikn og teksten arbeid pågår.

Staf leverer fleire digitale tenester frå eit datasenter på Leikanger. (Fylkesatlas med fleire)

Løysinga som sikrar desse tenestene er no for gamal og skal skiftast ut. Den nye løysinga vil sikre oss betre mot digitale trugsmål som vi les om i media.


All trafikk internt i datasenteret og trafikk mellom datasenter og Internett transporterast gjennom denne løysinga. Dette betyr at alle tenester vil vera utilgjengelege medan utskiftinga føregår.
Det kan samanliknast med at vi utfører eit vegarbeid i eit stort vegkryss der alle vegane inn til krysset er stengt ein periode.

Arbeidet vil starte kl 16 fredag 11. februar.

Publisert 04.02.2022

Kontakt oss

Tone Reinsnos Knutsen
Seniorrådgjevar kart/gis
Statsforvaltaren i Vestland

Tilbakemeldingar og spørsmål