Haustnytt 2021

Jordbruksareal som kan vera ute av drift, innsjøar med dybdemåling, skyte- og øvingsfelt, dumpefelt for ammunisjon og munningsfredningssoner er nokre nye tema som er lagt til i fylkesatlas sidan førre vinter.

Innsjø med dybdemåling
Innsjø med dybdemåling

Nye tema:

Basis kartdata

  • Høgde og djupner/ Dybdekurver 0 - 30 meter
  • Høgde og djupner/ Dybdepunkt 0 - 30 meter
  • Høgde og djupner/ Innsjø med dybdemåling

Befolkning

  • Skular i Vestland

Forureining

  • Avløp/Private avløp 2018
  • Avløp/Private avløp 2020
  • Dumpefelt for ammunisjon
  • Støy/ Støysoner for Forsvarets skyte- og øvingsfelt

Friluftsliv

  • Potensielt tilgjengeleg strandsone

Landbruk

  • Jordbruk/ Jordbruksareal som kan vera ute av drift

Natur

  • Munningsfredningssoner

Plan/Arealplanar gjeldande/Kommune- og komdelpl (vel kommune i lista)

  • Alver kommuneplan
  • Austrheim kommuneplan
  • Fedje kommuneplan
  • Masfjorden kommuneplan
  • Modalen kommuneplan
  • Osterøy kommuneplan

Samferdsel

  • Fartsgrense
  • Trafikkmengde 2020

Samfunnstryggleik

  • Beredskap - ulike inndelingar
  • Kvikkleire
  • Skyte- og øvingsfelt

Meir informasjon om nye tema:

Dybdekurver og punkt 0-30 meter er henta frå Kartverket sine sjøkart - dybdedata og bearbeidd slik at berre djupner frå 30m og opp til 0 er med. Dette er ugraderte dybdedata til fri bruk. Dybdeinformasjon er referert til sjøkartnull. Kystkontur, konstruert kyst og skjær er referert til middel høgvatn. Datasetta kan nyttast til kystsoneplanlegging, utbygging i hamneområde og i kystsona, miljøovervaking, geologiske undersøkningar med meir.
Produktark: Sjøkart - Dybdedata
Lenke til døme ved Utvær i fylkesatlas.

Innsjø med dybdemåling  (sjå bilete øvst i artikkelen) kjem frå NVE sin innsjødatabase (ca 250 000 vatn) og inneheld hydrologisk informasjon til innsjøar og vatn større einn 2,5 dekar. Dette er basert på Kartverkets N50 kartdata. Lenke til døme på grensa mellom Kinn og Gloppen.

Skular i Vestland syner vidaregåande skular, grunnskular,folkehøgskular og andre skular. Datasettet vert oppdatert av Vestland fylkeskommune når det skjer endringar i skulestrukturen.
Lenke til døme i bergensområdet.

Private avløp 2018 og 2020 syner slamavskiljar, tett tank, Minirenseanlegg og anna i Vestland. Data frå 2018 er for store deler av Sogn og fjordane og inneheld berre slamavskiljarar som ligg nærare enn 100 meter frå vassførekomstar. Data frå 2020 har med alle typane avløpsanlegg for Hordaland og litt av Sogn og Fjordane. Dette kjem frå ulike kjelder; Renovasjon i Nordhordland, Sunnhordaland interkommunale Miljøverk og kommunedata frå Norva 24 som 2018 datasettet.

Forsvaret sine Dumpefelt for ammunisjon er eit datasett eigd av Kartverket og det er ein del av Sjøkart - Maritim infrastruktur.
Lenke til døme utanfor Øygarden.

Støysoner for Forsvarets skyte- og øvingsfelt er henta frå Forsvarsbygg.

Potensielt tilgjengeleg strandsone kjem frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og er berekna ut ifrå terreng, vegstrekning, jernbanestrekningar, dyrka jord, bygningar og kystlinje. Det er årlege datasett frå 2015 til 2020. Dei flatene som ikkje er påverka av tekniske inngrep vert rekna som potensielt tilgjengeleg for friluftslivaktivitetar.

Jordbruksareal som kan vera ute av drift er laga av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Dette er område der det ikkje er utbetalt produksjonstilskot førre søknadsår. Du kan lese meir om dei fem kartlaga i NIBIO sin artikkel.

Munningsfredningssoner er innført utanfor ei rekkje vassdrag og dei er skilta. I desse sonene er det innført fiskereglar.

Alver kommuneplan, Austrheim kommuneplan, Fedje kommuneplan, Masfjorden kommuneplan, Modalen kommuneplan og Osterøy kommuneplan er no publisert som fleire lag. Eit som syner alt (alle lag i kommuneplanen) og i tillegg "arealføremål","omsynsoner og føresegnområde" og "grenser og juridiske linjer" som eigne lag. Desse kommunane har eit kartsamarbeid i Nordhordland digitalt.

Fartsgrenser og trafikkmengde 2020 er nye tema under samferdsel.

Under kategorien Beredskap kan du no finne fleire ulike inndelingar og viktige punkt i Vestland.

Kvikkleire er ikkje godt kartlagt i Vestland, men det som finnes har vi no lagt ut i fylkesatlas. Her er data frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Statens vegvesen og Norges geologiske undersøkelse (NGU).
Lenke til døme i Nordfjord.

Skyte- og øvingsfelt er frå Det frivillige skyttervesen (DFS) og Forsvaret.

 

 

 

Publisert 08.11.2021

Kontakt oss

Abebe Girmay Adera
Rådgjevar - GIS,Kart,Vann,Energi og Miljø
Vestland fylkeskommune

Max Koller
Rådgjevar
Vestland fylkeskommune

Tone Reinsnos Knutsen
Seniorrådgjevar kart/gis
Statsforvaltaren i Vestland

Tilbakemeldingar og spørsmål