Nylansering av Fylkesatlas
Fylkesatlas vart til i 2004 og har etterkvart fått svært mykje innhald. No har vi endra inndelinga på kategoriane og flytta på tema slik at det skal bli lettare og finne fram.
![12 oransje boksar som viser hovudinndelinga på kategoriar i Det offentlege kartgrunnlaget; basis kartdata, energi, forurensing, friluftsliv, geologi, kulturminner, kyst og fiskeri, landbruk, natur, plan, samferdsel og samfunnssikkerhet.](/contentassets/6a58683dea3c4588b3c78ef713089f5c/dokkategoraiar.png)
Vi prøver no å følgje inndelinga som Kartverket har på si samleside for kartdata: geonorge.no Dette gjer vi for å bruke mest mogleg same namn og inndeling som resten av Noreg. Vi har også endra på namn på nokre tema for å gjere dei meir forståelege. Døme: 'DOK VANN FKB VANN' heiter no 'Elv,bekk og innsjø (DOK). DOK = Det offentlege kartgrunnlaget
Dette betyr at du kanskje må leite litt for å finne igjen 'dine' tema, men fortvil ikkje. Vi legg no opp til at du skal kunne søke på namn på tema i søkefeltet. Dette er ikkje heilt på plass endå, men det kjem.
![Endre søk Foto: Fylkesatlas. Søkefelt i kart med nedtrekksliste der ein kan velje kva ein vil søke på.](/contentassets/334cd7fac36f40b28f7ee72ae3b8d503/soktemalag.png)
![Søketreff Foto: Fylkesatlas. Søketreff for kulturminne.](/contentassets/6a1c4ef8186045b58b4da15e845aaf1d/soketreff.png)
Dersom du hadde bokmerker i Fylkesatlas der du har valt tema så vil ikkje desse fungere lenger og du må lage dei pånytt.
![Bokmerke for marine naturtypar, Fedje Foto: Fylkesatlas. Kart med brune og grøne flater for marine naturtypar. Høgre meny viser Arbeidsrom der ein kan lage bokmerker.](/contentassets/ac716be4d4dd489ca4ebc70165fc6f71/bokmerkemnaturtypar.png)
Dei som har laga embedded kart i iframe og lagt ut på nettsider må kanskje også oppdatere desse.
![Fylkesatlas som embedded kart i iframe hjå Statsforvaltaren i Vestland Foto: Statsforvaltaren i Vestland. Nettside om Nasjonal ramme for vindkraft der eit kartustnitt er lagt inn som ein iframe nederst i artikkelen.](/contentassets/683c2406792647dd8171d73928c7b4fb/embeddedkart.png)
Vi beklagar at de må finne ut av innhaldet i Fylkesatlas på nytt, men vi håper dette vert ryddigare og lettare og finne fram i frå no av.