Vinternytt 2021

På nyåret er det lagt til 3 nye tema vi vil presentere her: Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA-HORD), DOK NIN - landskap og Naturtypar - NiN i verneområder (med eiga filtrering).

Kart med flater som har ein fargeskala frå blå til raud. Teiknforklaring for arealbruksintensitet.
NiN Landskap Arealbruksintensitet

Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA-HORD) er ein del av 'DOK Kulturmiljø, men der er det litt skjult så vi har valgt og legge det som eit eige tema i tillegg.
KULA- registeret skal vera eit kunnskapsgrunnlag og forvaltingsverktøy for kommunane og andre mynde som påverkar utviklinga av landskap. Det vil klargjere kva landskap det knyter seg nasjonale interesser til, kva som er verdiane og korleis desse skal takast hand om. På denne måten vil kulturminneforvaltinga signalisere tidleg og tydeleg kva landskap og areal- og sektorplanlegging som må takast særleg omsyn til. Dette vil gjere ting meir føreseieleg. Les meir om KULA.

KULA er vedteke for Hordaland, medan Sogn og Fjordane er i prosess og har nokre område som er føreslått. Les meir om KULA i Sogn og Fjordane.

Du finn tema under 'Landskap/Kulturlandskap'.

DOK NIN - Landskap er basert på variasjonen i generelle trekk og dei trekka ein kan sjå i landskapet, og NiN landskap kan då vera eit grunnlag for å samanlikne definisjonar og skildringar av landskapstypar på tvers av fagfelt og folk sine ulike oppfatningar av landskap. Landskapsnivået er eitt av tre primære naturmangfaldnivå i NiN. Les meir om NiN Landskap.

Du finn tema under 'Landskap/DOK NIN - Landskap'

Naturtypar - NiN i verneområder inneheld mange overlappande flater. For å skilje flatene har vi lagt på filtrering på 'hovedtypebeskrivesle'. Du må trykke på tannhjulet til høgre for temanamn og velje kva du vil filtrere på. Du kan velje fleire.

Du finn tema under 'Viktige naturområde og artar/Naturtypar'

Kart med grøne flater. Tabell under kartet. Innstillingar for tema til høgre der ein kan velje ulike lag å filtrere på.
Publisert 10.02.2021

Kontakt oss

Tone Reinsnos Knutsen
Seniorrådgjevar kart/gis
Statsforvaltaren i Vestland

Tilbakemeldingar og spørsmål