Sommarnytt 2020

På nokre tema kan du setje på tekst i kartet sjølv no. Vi har eit nytt koordinatsysem i fylkesatlas og du kan også legge på rutenett på utskrift. I tillegg er det ei rekke nye tema som helseføretak, skular og SEFRAK for Vestland med fleire.

SEFRAK i fylkesatlas

Tekst som du kan setje på sjølv
På nokre få tema og sikkert fleire framover kan du no setje på tekst i kartet. Eit døme er 'Foreslåtte naturverneområder' under 'Viktige naturområde og artar'.

EUREF 89 NTM sone 5-7 er no mogleg og velje i fylkesatlas. Norsk Transversal Mercator (NTM) vert mykje nytta i byggebransjen.

Utskrift med rutenett, her kan ein velje mellom Euref89 UTM sone 32 eller 33 rutenett.

Nye tema no i sommar:

  • Helseføretak i Vestland
  • Produksjonsområde for akvakultur
  • Grunnskular i Vestland fylke
  • Vidaregåande skular
  • Freda bygningar i Vestland
  • DOK bygningar i Vestland fylke i SEFRAK registeret

Helseføretak i Vestland viser kva kommunar som høyrer inn under dei ulike helseføretaka. Det er også lenke til dei og til kommunen si heimeside.

Tema finn du under 'Fylkesfakta'.

Produksjonsområde for akvakultur er henta frå Fiskeridirektoratet og viser trafikklys for kor mykje fisk ein oppdrettar kan ha i sjøen til ei kvar tid.

Tema finn du under 'Kyst og fjord/Akvakultur'.

Grunnskular i Vestland fylke og Vidaregåande skular viser no for heile Vestland fylke.

Dei to tema finn du under 'Fylkesfakta'.

Freda bygningar i Vestland

Freding er det sterkaste juridiske virkemiddelet i kulturminnevernet, og blir brukt for å sikre langsiktig vern av kulturminne av nasjonal verdi.

Tema finn du under 'Kultur og historie'.

DOK bygningar i Vestland fylke i SEFRAK registeret med lenke til SEFRAK arkivet.

SEFRAK er eit landsdekkande register over eldre bygningar og andre kulturminne.

Tema finn du under 'Kultur og historie'.

 

Publisert 01.01.2021

Kontakt oss

Tone Reinsnos Knutsen
Seniorrådgjevar kart/gis
Statsforvaltaren i Vestland

Tilbakemeldingar og spørsmål