Haustnytt 2020

No kan du sjå Korona-tal på smitta siste døgn og smitta siste 14 dagar i Fylkesatlas. Andre nye tema er aktsemdområde for flaum, maksimal vannstigning, frivillig skogvern og geologisk arv.

Korona i Fylkesatlas
Korona i Fylkesatlas

Nye tema i haust:

  • korona
    • Smitta siste døgn
    • Smitta siste 14 døgn
  • aktsemd flaum
  • maksimal vannstigning
  • frivillig skogvern for Vestland
  • geologisk arv

Korona-tala er henta frå msis som er meldingssystemet til Folkehelseinstituttet (FHI). Dei vert oppdatert kvar dag utanom helgene. Tala syner smitta folkeregistrert i kvar kommune i Vestland. Altså ikkje tilreisande som opphalder seg i kommunen.

Du finn tema under 'Korona'.

DOK aktsemdområde flaum frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er eit nasjonalt datasett på oversiktnivå som er tilpassa kommuneplannivå. Det er eigna til bruk som første vurderingsgrunnlag i konsekvensutgreiingar og/eller analysar for risiko- og sårbarheit knytt til kommuneplanen for å finne aktsemdområde for flaum. Aktsemdområda skal nyttast når ein fastset omsynssoner for flaum og føresegner til planen.

Du finn tema under 'Samfunnstryggleik/- Flaum'

DOK - maksimal vannstigning frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) viser elvenettet frå flaumaktsemdanalyse, med maksimal vannstigning. Verdien er høgaste verdi for elvestrekninga.

Du finn tema under 'Samfunnstryggleik/- Flaum'

Frivillig skogvern for Vestland syner område som er verna ved frivillig skogvern i Vestland.

Ved å aktivere tema naturvernområde kan du også sjå andre verneområde og område som er foreslått verna.

Naturmangfaldet i Vestland er under sterkt press. Frivillig skogvern er det viktigaste tiltaket for å ta vare på skognatur i Noreg.

Storparten av artane i Noreg lever i skog, og derfor er frivillig skogvern ein sentral del av den nasjonale satsinga for å ta vare på naturmangfaldet. Samanlikna med tidlegare verneprosessar, har òg erstatninga til grunneigarar for tilbydd areal gjennom ordninga frivillig skogvern vore særs gunstig.

Det er ei nasjonal målsetting å verne 10 prosent av skogen i landet, og så langt (i 2020) er ein halvvegs til målet. No er 5 prosent av skogen verna i Noreg. I Vestland vil vi i løpet av året berre ha 3,1 prosent av skogen beskytta mot inngrep.

Sjå nettsida til Fylkesmannen for å få meir informasjon om dette arbeidet.

Du finn tema under 'Viktige naturområde og artar/DOK Naturverneområder'

Geologisk arv frå Norges geologiske undersøkelse (NGU) inneheld nyttig informasjon som kan nyttast i samband med planlegging og arealforvalting av geologisk mangfald.

Du finn tema under 'Viktige naturområde og artar'

Publisert 04.01.2021

Kontakt oss

Abebe Girmay Adera
Rådgjevar - GIS,Kart,Vann,Energi og Miljø
Vestland fylkeskommune

Tone Reinsnos Knutsen
Seniorrådgjevar kart/gis
Statsforvaltaren i Vestland

Tilbakemeldingar og spørsmål