Synlege temalag - endre teiknerekkefølgje
Det er mogleg å endre teiknerekkefølgjen på dei tema du har slått på i Fylkesatlas.
Når du ser på oversikta over 'Alle temalag' kan du slå av og på tema. På toppen av lista kan du bytte til ei fane: 'Synlege temalag'. I denne fana kan du fjerne tema og du kan flytte dei. Ta tak i eit namn med venstreklikk og hald og dra for å flytte den.
Det er best med flate tema i botn, så linje tema også punkt på toppen.
Døme under viser:
Bakgrunnskart: Enkelt kommunekart
Flate: Landskapsregioner under kategorien 'Landskap'
Linje: Tur- og friluftsruter (DOK) under kategorien 'Friluftsliv'
Punkt: Dagsturhytter under kategorien 'Friluftsliv'