Måle lengde og areal

Det er to måter du kan måle lengde og areal i Fylkesatlas.

  1. Klikk i kart og bruk verktøy på treff-boksen
  2. Teikne linje eller flate (polygon) med teikne verktøy (blyant)

Får å måle lengde må du klikke i kartet og få fram treff-boksen. Der er ei verktøylinje nederst. Velg verktøyet lengst til høgre. Venstreklikk i kartet for å få fram lengden. Dobbelklikk for å avslutte. Døme: Lengden i luftlinje frå Turtagrø til Fanaråkhytta på Sognefjellet.

Biletet viser treffboks i Fylkesatlas. Verktøyet for måling av lengde er utheva.
Biletet viser treffboks i Fylkesatlas. Verktøyet for måling av lengde er utheva.
Biletet viser eit kart der det blir målt luftlinje avstand frå Turtagrø til Fanaråkhytta.
Biletet viser eit kart der det blir målt luftlinje avstand frå Turtagrø til Fanaråkhytta.

På same treffboks er det også eit verktøy for å måle areal. Venstreklik for å markere knekkpunkt til flaten og avslutt med dobbelklikk.

Biletet viser eit kart over Fanaråkbreen og måling av areal funksjonen.
Biletet viser eit kart over Fanaråkbreen og måling av areal funksjonen.

Du kan også måle lengde og areal når du teikner linjer og flater med teikneverktøyet. Då må du velge blyanten og om du skal teikne linje eller flate. Du må også hake av for at du skal vise målt lengde eller areal i kartet. Venstreklikk for å lage knekkpunkt og dobbeltklikk for å avslutte.

BIletet viser eit kart der det er teikna ein linje frå Turtagrø til Fanaråkhytta med teikneverktøy.
BIletet viser eit kart der det er teikna ein linje frå Turtagrø til Fanaråkhytta med teikneverktøy.
Biletet viser eit kart over Fanaråkbreen der det er teikna inn ei flate over og ein får vist areal i kliometer.
Biletet viser eit kart over Fanaråkbreen der det er teikna inn ei flate over og ein får vist areal i kliometer.

 

Publisert 26.10.2022

Kontakt oss

Tone Reinsnos Knutsen
Seniorrådgjevar kart/gis
Statsforvaltaren i Vestland

Tilbakemeldingar og spørsmål