Gjere flate tema gjennomsiktig

Det er mogleg og gjere flatetema gjennomsiktig i Fylkesatlas.

Av og til vil du gjerne sjå bakgrunnskartet under eit flatetema. Då kan du gjere det gjennomsiktig.

I lista over alle temalag finn du flatetema du vil endre. Gå til tannhjul-symbolet. Då får du fram informasjon om temalaget og ei linje nedst der du kan trekke i ei pil og gjere tema gjennomsiktig.

Under er eit døme frå Voss med geologisk lausmassekart. Dette vert veldig dominerande og det er vanskeleg og orientere seg om ein ikkje gjer det litt gjennomsiktig.

Kart med mange fargar på flater. Meny til høgre med temaliste open på geologi og avhaka lausmassar der instillingar er heva ut med blått kvadrat.
Biletet viser eit kart over lausmassar på Voss med heildekkande flatar. Foto: Fylkesatlas.
Kart med mange fargar på flater. Meny til høgre med innstillingar for lausmassar der du kan sjå metadata og nederst ein slide for gjennomsiktighet som kan endrast.
Biletet viser eit kart over lausmassar på Voss med litt gjennomsiktige flatar. Foto: Fylkesatlas.
Publisert 26.10.2022

Kontakt oss

Tone Reinsnos Knutsen
Seniorrådgjevar kart/gis
Statsforvaltaren i Vestland

Tilbakemeldingar og spørsmål