Bakgrunnskart

Du kan velje mellom 8 ulike bakgrunnskart i Fylkesatlas.

Knappen for bakgrunnskart ligg nede til venstre i kartet.

Kart, bakgrunnskart knapp, 3 val; Basis kart, Enkelt grunnkart og Norge i bilder
Bilete viser knappen der du kan bytte til eit anna bakgrunnskart i Fylkesatlas. Foto: Fylkesatlas.

Standard kartet er eit basiskart som er laga av firmaet Geodata AS som vi har ein avtale med. Dette er meir stabilt enn Kartverket sine bakgrunnskart.

Basis kart over Leirvik på Stord
Bilete viser basiskart for Leirvik på Stord. Foto: Fylkesatlas.

Enkelt grunnkart er eit nedtona kartgrunnlag frå Kartverket som eignar seg godt til å legge andre temadata oppå.

Kart med mindre detaljar eigna som bakgrunn for andre tema over Leirvik på Stord.
Biletet viser enkelt grunnkart for Leirvik på Stord. Foto: Fylkesatlas.

Norge i bilder er eit bakgrunnskart med flyfoto og satelittbilete. Det er mogleg og bytte imellom ulike år (sjå eige tips).

Flyfoto over Leirvik på Stord
Biletet viser flyfoto frå Norge i bilder over Leirvik på Stord. Foto: Fylkesatlas.

Enkelt kommunekart viser vatn og land og kommunegrenser. Det kan vera ein grei bakgrunn for nokre tema, mellom anna historisk økonomisk kartverk (gamalt svart/kvitt kart under 'Kulturminne' kategorien).

Enkelt kart med vann, land og kommunegrenser for Stord og omegn
Biletet viser enkelt kommunekart med vann og land og kommunegrenser for Stord og omegn. Foto: Fylkesatlas.

Gråtonekart frå Kartverket er eit topografisk kart frå Kartverket.

Topografisk gråtone kart over Leirvik på Stord.
Biletet viser gråtonekart for Leirvik på Stord. Foto: Fylkesatlas.

Topografisk kart frå Kartverket viser tydleg infrastruktur og høgdekoter.

Topografisk kart over Leirvik på Stord.
Biletet viser topografisk kart for Leirvik på Stord. Foto: Fylkesatlas.

Sjøkartraster viser djupnekoter og korleis ein skal navigere til sjøs.

Sjøkart med få detaljer på land over sjøen rundt Leirvik på Stord.
Biletet viser sjøkartraster for Leirvik på Stord og sjøen utanfor. Foto: Fylkesatlas.

Sjø og land bakgrunnskartet kombinerer topografisk kart og sjøkart med djupnekoter.

Topgrafisk kart for land og sjøkart rundt Leirvik på Stord.
Biletet viser topografisk kart på land og sjøkart med djupnekoter for Leirvik på Stord og sjøen utanfor. Foto: Fylkesatlas.
Publisert 18.10.2022

Kontakt oss

Tone Reinsnos Knutsen
Seniorrådgjevar kart/gis
Statsforvaltaren i Vestland

Tilbakemeldingar og spørsmål